Friday, September 08, 2006

Klassisk tabbe i Dagbladet

Dagbladet skriv i dag om den store dagen som var for 25 år sidan.
Tenkjer eg på femårsdagen for Maos død? Nei.

Tenkjer eg på at far min vart 33 år? Nei.

Tenkjer eg på at eg sjølv låg og skreik (Det veit eg jo ikkje, men sidan eg enno ikkje hadde fylt året, kan eg jo gissa kva eg gjorde...)? Nei.

Tenkjer eg på at Den demokratiske folkerepublikken Korea også fylde 33 år? Definitivt ikkje.
(For dei som stussar - DFR Korea er sosialimperialismen sin siste utpost - styresettet lyt bli plassert på historia sin skraphaug i lag med religion og marknadsliberalisme)

Sjølvsagt tenkjer eg på det store som hende på Ullevål stadion den dagen. Me slog England 2-1. ("England, kjempers fødeland", og så bortetter, som Bjørge Lillelien ropte ut til det norske folket) Hallvar Thoresen og mest sannsynleg Tom Lund skåra for Noreg, nesten like legendariske Bryan Robson skåra for England. Han skåra fyrst, men me vann.

Dagbladet vél å markera hendinga med ei dobbelside i sportsbilaget sitt i dag. Vanlegvis tykkjer eg at dette bilaget er bra, og eg plar pløya det kvar fredag.

Så også i dag. Men i artikkelen om England-kampen oppdaga eg fylgjande utsegn:
""2-1-kampen rører ved noe i den norske folkesjela. Oddvar Brås stavbrekk får en konkurrent."

Altså, Oddvar Brå brakk staven sin (skistaven altså) i 1982. Datoen skal eg vedgå at eg ikkje hugsar, men om det var i februar ein gong, er eg ikkje så hakkande langt unna. I alle høve var det kring eit halvår ETTER England-matchen.

Så ein skal ikkje stola for mykje på sportsjournalistar. Men jau, det visste eg frå før av...

Friday, February 24, 2006

Femti år sidan Khrusjtsjovs løynde tale på den XX. partikongressen

I morgon er det på dagen femti år sidan den løynde talen til Nikita Khrusjtsjov kor han fordømte Stalin på den 20.partikongressen til SUKP. BBC legg i den samanhengen ut denne teksten

http://news.bbc.co.uk/2/hi/europe/4744288.stm

kor det mellom anna er eit intervju med Nikolaj Bajbakov, ein av Stalins tettast allierte.

Det interessante med artikkelen er likevel at han tek føre seg fenomenet "nystalinisme" i Russland i dag. Denne "nystalinismen" (som vel helst kan bli definert som ei dyrking av Stalin som leiar den gongen Sovjet (les Russland) var stort og sterkt og mektig og frykta og ikkje ein brølande pusekatt som i dag, ikkje forståing for politikken hans eller ein analyse av Stalins rolle i oppbyggjinga av Sovjetunionen) er resultatet av den aukande fattigdommen det russiske folket har opplevd etter Sovjetunionens samanbrot, hevdar dottera til Khrusjtsjov, Rada Khrusjtsjova. Slik blir "nystalinismen" ufårleg for makta - ja, nærast ein reiskap FOR makta i staden for å kunne vera kimen til eit opprør mot det russiske borgarskapet. Med den ”nystalinistiske” bylgja mellom vanlege russarar, har Kreml einkvar orsaking til å nytta harde grep for å attreisa Russland som stormakt og å halda makta i eigne hender.

Det er ikkje godt å seia kva som vil skje i Russland fram mot presidentvalet om tre år. Etter den russiske grunnlova kan ikkje Vladimir Putin gå for å bli attvald ein tredje periode, jamvel om han nok aldri så mykje har lyst. Ingen ”kronprins” er heller utpeikt, og opposisjonen står svakt. Formelt sett er ikkje Russland eit diktatur i borgarleg forstand, men regimet er utsett for stadig meir kritikk grunna menneskerettsituasjonen, tilhøva i Tsjetsjenia, det stadige ynskjet om innflytnad i grannelanda, militær tilstadevéring i Baltikum osb. Det mest sannsynlege er at Kreml hostar opp ein kandidat (til dømes ein sitjande minister, som Sergej Lavrov eller Igor Ivanov, jamvel om desse to nok er FOR kjende) som kan føra Putin-lina vidare.

Kor som er, er denne merksemda rundt Stalin interessant. Det har kome ein ny Stalin-biografi (no nett utgjeve på norsk), ført i pennen av den britiske historikaren Simon Sebag-Montefiore. Boka (Stalin : The Court of the Red Czar) vart mellom anna lansert som månadens bok (eller kva det heiter) i Bokklubben Kunnskap og kultur. Dei hadde sett Berthold Grünfeldt til å melda boka og han går sjølvsagt ikkje av vegen for å sparka mot ml-rørsla i meldinga si. Han skreiv omtrent at det var merkeleg at eit slikt fryktinngytande menneske som Stalin kunne vera kima til ungdomsopprøret på slutten av sekstitalet og bli førebilete for så mange innafor ei viss rørsle på syttitalet.

Eg går ut frå at Grünfeldt har lese boka på norsk. Sidan eg las boka på engelsk ikkje veldig lengje etter at ho kom ut, lurer eg på om det har skjedd noko ålvorleg gale med omsetjinga. Slik eg les boka, er det den første boka om Stalin som er så grundig i kjeldebruk frå dei SOVJETISKE arkiva, som nyleg vart opna. Sebag-Montefiore skriv mellom anna korleis Stalin satt fleire år i fengsel i ungdommen av di han organiserte den kommunistiske opposisjonen mot tsarveldet i Georgia og Russland og korleis desse opplevingane og den teoretiske skuleringa han etterkvart fekk vart med på å forma politikken under Stalin.

Sebag-Montefiores bok er som historisk dokumentasjon slett ikkje verst. Ikkje heller freistar forfattaren å gå inn på ein politisk analyse av oppbyggjinga av Sovjetstaten. I staden beskriv han Stalin og dei tette allierte hans og rolla dei spelte for utviklinga av den sovjetiske politikken.

Grünfeldt har derimot gjort seg opp ei meining om Stalin før han las boka (om han har lese ho i det heile). Folk svalt i hel i Sovjetunionen på 20- og 30-talet. Folk vart drepne under tortur, folk døydde i fangeleirar. Det herskar ingen tvil om dette. Dette bar Stalin eineansvaret for, meiner Grünfeldt. Stalin var gal, han var psykopat og maktsjuka hans gjorde at han ikkje hadde moralske skruplar, konkluderer Grünfeldt. Jaja, lat oss diskutera dette. Eg er ikkje ute etter å bagatellisera hendingane under Stalin, men lat oss gå inn på fakta i samband med dette.

Under den store sveltkatastrofa; hadde bøndene rett til å øydeleggja kornavlingane? Hadde dei rett til å hindra bybuarane å få tilgang til mat? Det jo slik i eit samfunn at me stort sett deler oppgåvene mellom oss; nokon er intellektuelle og har ansvaret for å vidareformidla og –utvikla den kunnskapen menneskeætta alt sit inne med, andre har ansvaret for dyrking av jorde, nokon har ansvaret for å laga forbruksvarer til det beste for fellesskapet, og andre igjen har som oppgåva å kontrollera alt dette. Er det slik at med Stolypin (til dømes) ved makta i eit halvføydalt Russland så ville denne katastrofa hadde vore unngått? Er det slik at sosialismen i Russland satte utviklinga fleire tiår attende, eller sytte sosialismen i Russland (også under Stalin!) for gedigne framskritt for ”breie lag av folket”?

Eg skal ikkje forsvara Stalin, og ser ikkje vekk frå at det vart utført store brotsverk mot eige parti og eige folk i perioden han satt med makta. Eg kan heller ikkje seia det er bra at dei nepalske maoistane tek livet av folk og kan henda utfører overgrep mot sivile i område der dei har makta. Det eg kor som er kan forsvara, er retten deira til å gjera opprør. Me i vesten kan ikkje ha noka forståing av kva dei kjenner når dei blir undertrykka. Me pliktar å stø vanlege folk sitt opprør mot brutale makthavarar i den tredje verda, og det er sånn at denne kampen er nøydd til å gå føre seg med våpen i hand. At maoistane i Nepal har rett til å forsvara seg og at det einaste viset dei kan kjempa på, er med våpen, bør vera sjølvsagt for alle.

At kommunistar framleis, femten år etter at ”kommunismen døydde” (som det heiter i borgarleg historieskriving), blir utsette for slik usaklig kritikk døma eg har nemnd over, kan jo eigentleg bli sett på som eit kompliment. Det syner at sosialistiske tankeretningar framleis blir sett på som eit trugsmål for kapitalismen og den herskande samfunnsordenen. Dette er ein tendens me har sett sidan Le livre noir du communisme kom ut i Frankrike i 1998 og som i dag aukar i omfang. Le livre noir du communisme tek føre seg overgrepa gjort i kommunismens namn og konkluderer enkelt med at kommunismen er verre enn nazismen. Hensikta med boka var å sprengja den franske venstresida (særleg kommunistpartiet) i filler. I det utmerka (trass i at det kjem ut i Sverige og på svensk) tidsskriftet Clarté har Stefan Lindgren skrive ei utmerka melding og kritikk av Le livre noir du communisme: http://www.clarte.nu/grafik/cl982/cl982_2.htm

Me på venstresida i Noreg har opplevd tre harde åtak i laupet av dei siste åra. Det byrja i 2003 med den heite sommaren med Bernt Hagtvet. Han gjekk rett i strupa på oss og sa at me hadde forsvara folkemord i Kambodsja (eller Kampuchea som ein skreiv den gong). At Sambandsstatane støtta regimet til Pol Pot for å hindra ein sovjetisk vasallstat i området, vart ikkje nemnd (som vanleg). Båe kronikkane kan du finna her: http://www.akp.no/omakp/bh-debatt/hagtvet-160703.html. Det Hagtvet nemner og kan henda har heilt rett i her, er at også andre på norsk venstreside enn berre dei ytst, må gå i seg sjølv og ta avstand frå omgang med regime dei helst ikkje burde hatt omgang med. SV var på fleire vitjingar i både DDR og Romania og prata gjerne om kor gildt det var der når dei kom heim. Demokraten Hagtvet oppsummerer med at all politisk organisering til venstre for SV, må opphøra. Kva eg tenkjer om det, let eg Ingolf Sundfør oppsummera for meg slik han skreiv det på heimesida til AKP 21.juli 2003:

”Vi skal sitte her i lille fredelige Norge og fordømme dem som gjør opprør. Nå tenker jeg ikke kun på Røde Khmer, men overalt i verden. Vi sitter egentlig og fordømmer at folk gjør opprør mot det imperialistiske maskineri som det velfødde Norge smører. Vi smører imperialismen bare ved å være den fjerdedel i verden som lever godt fordi andre lever dårlig. En moralsk plikt for alle må det være å drive motstandskamp mot denne verdensorden når man lever i hjertet av beistet, for ikke å si sideflesket. Med det følger ikke at jeg kan godta nedslakting av folk fra verken den ene eller den andre siden. Men jeg føler bare avsky for dem som direkte og indirekte forsvarer vår urettmessige plass i verdenshierarkiet ved så gjennomskuelig å predike seierherrenes budskap: "Opprør fører aldri til noe bra"!
Så slår det meg jo også at den godeste professor Hagtvet kan ha andre motiver enn å banke løs på en revolusjonær bevegelse som ikke samler mer enn et par prosents oppslutning hos det norske folk, selv om det snart er valg. Snarere en lenge følt irritasjon over at folk med venstreradikal bakgrunn har blitt både redaktører og fått professorater i journalistikk, kanskje?"

Så kom historikar Hans Petter Sjøli med boka ”Mao, min Mao” på seinsommaren 2005. Også den gjorde at ml’arar plutseleg fekk mykje plass i media.

Meir vil fylgja om dette.

Wednesday, February 01, 2006

Endeleg er det stadfesta

Eg har mistenkt noko i lang, lang tid - endå er det ingen som gjer noko med det. Det eg har mistenkt, blir prova av ei undersøkjing som Aftenposten syner til i dag; nemleg at høge menn har meir utdanning enn låge menn.

Ja, eg med mine 195 centimeter har neste 400 studiepoeng, medan vesle Ola Sudengi gjorde seg ferdig med masterstudiet så fort han berre kunne.

I same artikkelen er det jo også eit bilete av Tom Cruise. Han er liten, men skårar bra hjå damene.

Artikkelen finn du her: http://forbruker.no/jobbogstudier/jobb/article1211726.ece

Saturday, January 07, 2006

Halvorsens retrett

Ein hendigsfull dag i dag. Sharon ligg for døden (overlever han helga?), Ahonen og Janda hamna likt i hoppveka for første gongen i historia og Kristin Halvorsen skal visst ha blamert regjeringa ved å seia at ho ikkje et Carmel-frukt.

Eg vart forbanna på fru Halvorsen - igjen. Ho har tydelegvis ikkje bein nok i nasen til å stå for partiets politikk - jamvel om ho er leiar av skiten. For eit ordentleg skitparti - det er SV.

For somme ting skal det altså ikkje vera lov å meina når ein er finansministar i SV si verd. Det finst mange gode grunnar til å boikotta Israel og at SV her verkeleg kunne ha markert seg i ei sak med brei folkeleg oppslutnad, noko som kan henda hadde stogga fallet mot sperregrensa på meiningsmålingane. Litt informasjon om Israel og apartheidpolitikken frå nøkternt hald kunne me også ha fått. SVarar og SUarar osb.kunne vera med på å byggja opp Palestinakomiteen (www.palestinakomiteen.no) i Noreg til ein verkeleg brei front osb., osb.

Men det er tydeleg at dei fine middagane og gallaane som me så ofte har sett Halvorsen på veg til i det siste, etter at dei vart med i regjering, er viktigare for SV-leiaren.

I same magedraget kan ein jo også minna LO om boikottvedtaket dei hadde mot Israel medan DNA var i opposisjon. Om landets største organisasjon kunne gå inn for boikott... The Sky is the Limit, akkurat som for Roar Ljøkelsøy og Bjørn Einar Romøren.

Wednesday, January 04, 2006

Boikott Israel!

Stortingsrepresentant Ulf Erik Knudsen (Frp) hadde i Drammens Tidende eit lesarbrev som provoserte meg ein av dei første dagane i det nye året. Her slo stortingsrepresentanten, som også er styrelem i "Israels venner" (sjå gjerne http://www.dagbladet.no/nyheter/2002/04/04/322633.html for å finna ut meir om denne gruppa. Eit søk i Google gjev også fleire oppslag i Dagen), fast at jødehatet veks i Noreg. Årsaka til at Knudsen hevdar dette, er Sør-Trøndelag fylkeskommune sitt fornuftige vedtak om boikott av apartheidstaten Israel.

Vel, eg svarte med dette innlegget. Eg vonar det kjem på prent i morgon:

"Boikott Israel!

Stortingsrepresentant og styremedlem i ”Israels venner”, Ulf Erik Knudsen, går i Drammens Tidende 2.januar til et rabiat angrep på ymse enkeltpersoner og grupperinger i forbindelse med Sør-Trøndelag fylkeskommunes vedtak om boikott av Israel fra i fjor høst. De muslimske menighetene Knudsen rasler med sablene mot, får svare for seg sjøl. Jeg får heller prøve å svare på beskyldningene om jødehat mot store deler av det politiske spekteret i Norge.

Knudsen raser rett i baret og kaller all kritikk av staten Israel jødehat. Han kritiserer tilhengere av boikott for teknologifiendtlige og motstandere av moderne film. Dermed har Knudsen gått glipp av hvorfor fylkestinget i Sør-Trøndelag gjør noe alle antirasister burde gjøre, nemlig å boikotte apartheidstaten Israel. Israel er verdens eneste stat som er basert på et reint etnisk grunnlag. For å skape større plass til seg og sine, okkuperer Israel Gaza, Vestbredden og Golanhøyden. Denne okkupasjonen er i strid mot folkeretten, men har på grunn av store økonomiske og strategiske interesser, støtte fra verdens eneste supermakt, USA, og store deler av den vestlige verden. Å være mot dette og å støtte palestina-arabernes rett til en egen stat, er altså jødehat, mener Knudsen.

Så lenge Israel nekter å innrømme arabere like rettigheter som andre innbyggere i staten Israel og å trekke seg ut fra de okkuperte områdene, må Israel møtes med reaksjoner. Overgrep mot palestinere må fordømmes på det skarpeste. Et viktig virkemiddel her, er handelsboikott. Vi som forbrukere kan la være å kjøpe israelske varer for å vise vår avsky mot de israelske myndighetenes rasisme og for å støtte palestina-arabernes rett til en egen stat.

Siden midten på nittitallet og Osloavtalen har Israel misbrukt forhandlingssituasjonen til å utvide de ulovlige bosetningene, til å annektere mer land og til å nekte palestinske flyktninger rett til å vende tilbake til områdene de opprinnelig kommer fra. Alt dette er stikk i strid med folkeretten. Likevel vil Israel holde på med dette så lenge de ser seg tjent med å føre denne politikken. Så lenge ingen sier i fra, vil Israel heller ikke stoppe undertrykkinga av palestinerne.

Norge boikotta Sør-Afrika fra sekstitallet helt til apartheidregimet falt i 1994. Det er på tide at Norge tar til orde for en internasjonal boikott av en annen apartheidstat, nemlig Israel, til folkeretten blir fulgt og Israel trekker seg ut av alle okkuperte områder, river muren og innrømmer arabere like rettigheter som øvrige innbyggere i staten Israel.

Er dette jødehat? Vel, jeg mener ikke det. Knudsen er velkommen til å begrunne hvorvidt disse krava som Sør-Trøndelag fylkeskommune har stilt seg bak er jødehat, men jeg venter meg litt mer presisjon fra en stortingsrepresentant enn det han viste i Drammens Tidende 2.januar."

Å skriva lesarbrev er gøy, og det er pokker meg vorte endå meir morosamt etter at også lesarbrevspaltene tok i bruk e-post som høve til å senda inn.

Thursday, December 29, 2005

Rösler på BBC

BBC klemmar til med langt intervju med König Rösler av Åråsen:

http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/football/europe/4562198.stm

Julecupen '05

Eg har ikkje sett resultata frå Vikersund/Geithus sin jolecup nokon plassar i lokalavisene, så eg har gjort dei ei teneste og skrive dei inn her:

Gruppe 1:

Åmot I – Haugfoss II 4-2
V/G I – Tyristubben 3-0
Tyristubben – Haugfoss II 2-2
Åmot I – V/G I 2-2
Haugfoss II – V/G I 0-4
Åmot I – Tyristubben 6-0

1. Åmot I 3 2-1-0 12-4 7
2. V/G I 3 2-1-0 9-2 7
3. Haugfoss II 3 0-1-2 4-10 1
4. Tyristubben 3 0-1-2 2-11 1

Gruppe 2:

Mjøndalen – Team Djerv 5-0
Moingen I – V/G II 3-0
Team Djerv – Moingen I 1-10
V/G II – Mjøndalen 1-2
V/G II – Team Djerv 4-0
Mjøndalen – Moingen I 2-3

1. Moingen I 3 3-0-0 16-3 9
2. Mjøndalen 3 2-0-1 9-4 6
3. V/G II 3 1-0-2 5-5 3
4. Team Djerv 3 0-0-3 1-19 0

Gruppe 3
(Nordre Sande møtte ikkje)

Norderhov – Vestre Spone 5-1
Vestre Spone – Haugfoss I 1-5
Haugfoss I – Norderhov 3-2

1. Haugfoss I 2 2-0-0 8-3 6
2. Norderhov 2 1-0-1 7-4 3
3. Vestre Spone 2 0-0-2 2-10 0

Gruppe 4:

Skiold – Moingen II 2-2
Åmot II – Krødsherad 3-0
Krødsherad – Moingen II 0-4
Skiold – Åmot II 0-1
Krødsherad – Skiold 3-8
Åmot II – Moingen II 1-1

1. Åmot II 3 2-1-0 5-1 7
2. Moingen II 3 1-2-0 7-3 5
3. Skiold 3 1-1-1 8-6 4
4. Krødsherad 3 0-0-3 3-15 0

Kvartfinalar:
Åmot I - Mjøndalen 2-5
Moingen I – V/G I 2-5
Haugfoss I – Moingen II 5-0
Åmot II – Norderhov 0-2

Semifinalar:
Mjøndalen – Haugfoss 6-4
V/G I – Norderhov 4-4 (6-5 etter straffer)

Bronsefinale:
Haugfoss I – Norderhov 2-6

Finale:
Mjøndalen – V/G I 4-2

Det er på tide...

Eksamenane er over og eg har ikkje oppdatert bloggen på lang, lang tid. No er det på tide att. Mest sannsynleg blir det litt fotball først, men etter kvart blir det nok også meir politikk.

Men det første som må seiast, er at eg i samråd med lækjaren på Sporveien vedtok å trekkja søknaden min til å bli togførar. Eg fann rett og slett ut at ryggen min ikkje toler å sitja sperra i ei bestemd stilling så mange timar kvar dag. Difor trekte eg søknaden min, jamvel om helsa mi gledeleg nok er prima på andre område. Til og med blodtrykket og vekta (!) var lækjaren strålande nøgd med. Med omsyn til at det nye året også vil tyda meir fri og eit strengt løfte om å trena meir, gler eg meg nærast til neste helsesjekk.

Monday, November 21, 2005

Norske soldatar i Afghanistan

Elles har eg fått tips om eit spanande møte for folk som er interesserte i norsk imperialisme. Terje Skaufjord frå Afghanistankomiteen i Noreg kjem til Blindern for å prata om kva norske soldatar gjer i Afghanistan. Det kan ein høyra på på torsdag, 23.11, nærare bestemt klokka 1800 på rom 847 på SV-fakultetet (æsj).

Blir eg togførar?

I dag kom endeleg den store dagen; eg var hjå Oslo Sporveier i intervju om jobb som t-baneførar frå januar av. Eg trur eg kom godt unna intervjuet - jamvel om dei vedgjekk at det fyrste spørsmålet var litt dumt. Det var nemleg om kor høg eg var. Eg angra litt på at eg sa sanninga og fortalde at eg var 195cm når eg kunne ha gjeve eit betre inntrykk ved å seia at eg var 192cm eller noko kring det. Det er jo ikkje så rart at dei spør når ein tenkjer på kor små dei buane dei sit inne i, eigentleg er.

Det siste spørsmålet var også litt typisk for Jan Erik og arbeidsintervju: "Kan du ikkje seia noko på russisk? Det er så spanande å høyra på!"... Så då spurte eg om kva ho ville høyra på russisk - på russisk. Det er greitt å ha nokre sånne innøvde svar.

Det hadde vore stileg å bli t-baneførar. Det er ei sikker inntekt og gjer at eg kan flytta frå studenthybelen og heller få meg eige bad. Ikkje at det kjem til å skje enno, men det er ikkje så kult å bu på 12m2 i år etter år. Eg trur det gjer noko med hovudet dit.

Eit par ulemper om eg skulle få jobben er at eg kan henda ikkje får med alle LSK-kampane samstundes som eg også kan henda må byrja stå opp klokka tre om natta på det verste. Men... Eg har jo arbeidd skift før.