Monday, November 21, 2005

Blir eg togførar?

I dag kom endeleg den store dagen; eg var hjå Oslo Sporveier i intervju om jobb som t-baneførar frå januar av. Eg trur eg kom godt unna intervjuet - jamvel om dei vedgjekk at det fyrste spørsmålet var litt dumt. Det var nemleg om kor høg eg var. Eg angra litt på at eg sa sanninga og fortalde at eg var 195cm når eg kunne ha gjeve eit betre inntrykk ved å seia at eg var 192cm eller noko kring det. Det er jo ikkje så rart at dei spør når ein tenkjer på kor små dei buane dei sit inne i, eigentleg er.

Det siste spørsmålet var også litt typisk for Jan Erik og arbeidsintervju: "Kan du ikkje seia noko på russisk? Det er så spanande å høyra på!"... Så då spurte eg om kva ho ville høyra på russisk - på russisk. Det er greitt å ha nokre sånne innøvde svar.

Det hadde vore stileg å bli t-baneførar. Det er ei sikker inntekt og gjer at eg kan flytta frå studenthybelen og heller få meg eige bad. Ikkje at det kjem til å skje enno, men det er ikkje så kult å bu på 12m2 i år etter år. Eg trur det gjer noko med hovudet dit.

Eit par ulemper om eg skulle få jobben er at eg kan henda ikkje får med alle LSK-kampane samstundes som eg også kan henda må byrja stå opp klokka tre om natta på det verste. Men... Eg har jo arbeidd skift før.

1 Comments:

Blogger Brage said...

Blei du togfører?

6:29 AM  

Post a Comment

<< Home