Saturday, November 19, 2005

Det nye kvalitets- og koseuniversitetet; del ørten

I går var siste timen me hadde i innføringskurset i russisk politikk, kultur og samfunn hausten 2005. Eg retta kritikk om at temaet russisk politikk er for dårleg handsama og at for å læra noko om russisk politikk etter 1991, så må ein ofra seg og bu i Leningrad i ti veker. Det er ein triveleg by, men eg vil gjerne vera der ikkje fullt så lengje sidan eg faktisk har nokre jarn i elden her i byen (Oslo) også. Grunnen til at det er lagt opp slik, er at kurset (http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/RUS2501S/index-eng.xml) skal gå inn i ein såkalla grad i lag med russisk språk. Dei studentane som skal ta emnet, skal samstundes også vera 2.semesterstudentar på russisk språk og dei skal fylla tida med russiskundervisning der borte. Vel og bra. Men:
Om ein ikkje lenger studerer russisk og ikkje har lyst til å gå på timar for å læra verbbbøying igjen, så kan det nok kan henda synest noko bortkasta å vera der så lengje, sidan det blir ein del daudtid. Det du har å gjera, er å førebu deg til ein dobbeltime i veka med undervisning. Eg har søkt om å få fritak og i staden å få lov til å ta eksamen etter sjølvstudium ved å sitja her i landet. Så får me sjå om det er mogeleg - eg vil tippa at brevet mitt i alle høve vil gå ein del rundtomkring mellom ulike instansar.
Dette er ikkje ein kritikk av personane involvert - dette er ein kritikk av eit system som har vist seg å vera heilt ute av stand til å ta omsyn til dei studentane som faktisk byrja på gamal ordning, men som ikkje rakk fullføra innan Giske-reforma vart innført. Dette har me sett utallege døme på no. At hovudfagsavskrivinga ramla vekk, er kan henda det verste dømet økonomisk. Eg lovar ein kritisk tekst om dei "raud-grøne" sitt statsbudsjett og verknadene ovanfor studentar også her, men det får bli ein annan gong.

Friday, November 18, 2005

Oppe og går att

Bloggen min frå i vår ramla saman. Men eg prøver på nytt att no. Han blir nok ikkje oppdatert så ofte, men eg skal prøva å leggja inn litt ting og tang når eg har tid til sånt - og når eg har noko interessant å leggja inn. Ikkje minst.