Friday, September 08, 2006

Klassisk tabbe i Dagbladet

Dagbladet skriv i dag om den store dagen som var for 25 år sidan.
Tenkjer eg på femårsdagen for Maos død? Nei.

Tenkjer eg på at far min vart 33 år? Nei.

Tenkjer eg på at eg sjølv låg og skreik (Det veit eg jo ikkje, men sidan eg enno ikkje hadde fylt året, kan eg jo gissa kva eg gjorde...)? Nei.

Tenkjer eg på at Den demokratiske folkerepublikken Korea også fylde 33 år? Definitivt ikkje.
(For dei som stussar - DFR Korea er sosialimperialismen sin siste utpost - styresettet lyt bli plassert på historia sin skraphaug i lag med religion og marknadsliberalisme)

Sjølvsagt tenkjer eg på det store som hende på Ullevål stadion den dagen. Me slog England 2-1. ("England, kjempers fødeland", og så bortetter, som Bjørge Lillelien ropte ut til det norske folket) Hallvar Thoresen og mest sannsynleg Tom Lund skåra for Noreg, nesten like legendariske Bryan Robson skåra for England. Han skåra fyrst, men me vann.

Dagbladet vél å markera hendinga med ei dobbelside i sportsbilaget sitt i dag. Vanlegvis tykkjer eg at dette bilaget er bra, og eg plar pløya det kvar fredag.

Så også i dag. Men i artikkelen om England-kampen oppdaga eg fylgjande utsegn:
""2-1-kampen rører ved noe i den norske folkesjela. Oddvar Brås stavbrekk får en konkurrent."

Altså, Oddvar Brå brakk staven sin (skistaven altså) i 1982. Datoen skal eg vedgå at eg ikkje hugsar, men om det var i februar ein gong, er eg ikkje så hakkande langt unna. I alle høve var det kring eit halvår ETTER England-matchen.

Så ein skal ikkje stola for mykje på sportsjournalistar. Men jau, det visste eg frå før av...

8 Comments:

Blogger Bache Gabrielsen said...

Hei Jan Erike. Eg hadde sutte valdsam pris på om dei "hadde" besøkt vores blogg og lugget igjen nokon kommentarar på njunorsk. Som dei sikkart skjønnar har me ikkja voldsam stor kompatansa på detta feltit. Me heve ein anonym blogg som da komer til å kome massa bra på i dei nærmasta ukena. Derfor synast eg at du skal lage ein link til bloggen vår på dine sidar så skal eg få min bloggpartnar til å leggja inn ei lenkje til din blogg på våras sin. Detta "er" voras adresse: http://sannhetenskalfram.blogspot.com/

PS: Du kveit gådt kven eg er i da virkjelegu liva, men da vores blogg er menet å forblive anonym kan navn ikkje røpast. Så kvis du likjivel sjønar kvem eg er hade eg sutte valdsam pris på om de helde det for dykk sjøylv.

7:44 AM  
Blogger Magnus said...

Tykkjer du verkeleg at DFRK er sosialiimperialistisk i dag?

Om noko er det vel Kina som er det.

Revisjonistar og industrille føydalistar, det er mykje gale ein kan kalla FRK, men sosialimperialistisk?

7:03 AM  
Blogger Jan Erik said...

Godt spørsmål. Eg veit vel strengt teke for lite om DFR Korea til å seia slike ting bastant... Men nemninga sosialimperialistisk er også vorte nytta om landa som var med i Sovjet-blokka. Slik eg ser det, er det basert på ei misforståing.

Imperialistisk kan vel ikkje DFRK seiast å vera, så slikt sett har du i alle høve heilt rett.

12:57 AM  
Anonymous A said...

Svakt Jan Erik, Nord-Korea er jo et despotisk monarki! :)

bloggen min er ikkje akkurat stor og frisk, men den er da oppretta:
http://formannen.blogspot.com/

4:30 PM  
Blogger Brage said...

Du oppdaterer for sjelden mann!

3:31 PM  
Blogger Jan Erik said...

Når skulle eg ha tid til det då, Brage? Eg jobbar jo politisk også...:-)

4:28 PM  
Anonymous Anonymous said...

Latest news. Viagra, cialis

[url=http://viagra.rxworlddata.info]viagra[/url]
[url=http://cialis.rxtvinfo.info]cialis[/url]
[url=http://tramadol.rxplusinfo.info]tramadol[/url]

4:09 AM  
Blogger barb michelen said...

Hello I just entered before I have to leave to the airport, it's been very nice to meet you, if you want here is the site I told you about where I type some stuff and make good money (I work from home): here it is

11:39 AM  

Post a Comment

<< Home