Friday, February 24, 2006

Femti år sidan Khrusjtsjovs løynde tale på den XX. partikongressen

I morgon er det på dagen femti år sidan den løynde talen til Nikita Khrusjtsjov kor han fordømte Stalin på den 20.partikongressen til SUKP. BBC legg i den samanhengen ut denne teksten

http://news.bbc.co.uk/2/hi/europe/4744288.stm

kor det mellom anna er eit intervju med Nikolaj Bajbakov, ein av Stalins tettast allierte.

Det interessante med artikkelen er likevel at han tek føre seg fenomenet "nystalinisme" i Russland i dag. Denne "nystalinismen" (som vel helst kan bli definert som ei dyrking av Stalin som leiar den gongen Sovjet (les Russland) var stort og sterkt og mektig og frykta og ikkje ein brølande pusekatt som i dag, ikkje forståing for politikken hans eller ein analyse av Stalins rolle i oppbyggjinga av Sovjetunionen) er resultatet av den aukande fattigdommen det russiske folket har opplevd etter Sovjetunionens samanbrot, hevdar dottera til Khrusjtsjov, Rada Khrusjtsjova. Slik blir "nystalinismen" ufårleg for makta - ja, nærast ein reiskap FOR makta i staden for å kunne vera kimen til eit opprør mot det russiske borgarskapet. Med den ”nystalinistiske” bylgja mellom vanlege russarar, har Kreml einkvar orsaking til å nytta harde grep for å attreisa Russland som stormakt og å halda makta i eigne hender.

Det er ikkje godt å seia kva som vil skje i Russland fram mot presidentvalet om tre år. Etter den russiske grunnlova kan ikkje Vladimir Putin gå for å bli attvald ein tredje periode, jamvel om han nok aldri så mykje har lyst. Ingen ”kronprins” er heller utpeikt, og opposisjonen står svakt. Formelt sett er ikkje Russland eit diktatur i borgarleg forstand, men regimet er utsett for stadig meir kritikk grunna menneskerettsituasjonen, tilhøva i Tsjetsjenia, det stadige ynskjet om innflytnad i grannelanda, militær tilstadevéring i Baltikum osb. Det mest sannsynlege er at Kreml hostar opp ein kandidat (til dømes ein sitjande minister, som Sergej Lavrov eller Igor Ivanov, jamvel om desse to nok er FOR kjende) som kan føra Putin-lina vidare.

Kor som er, er denne merksemda rundt Stalin interessant. Det har kome ein ny Stalin-biografi (no nett utgjeve på norsk), ført i pennen av den britiske historikaren Simon Sebag-Montefiore. Boka (Stalin : The Court of the Red Czar) vart mellom anna lansert som månadens bok (eller kva det heiter) i Bokklubben Kunnskap og kultur. Dei hadde sett Berthold Grünfeldt til å melda boka og han går sjølvsagt ikkje av vegen for å sparka mot ml-rørsla i meldinga si. Han skreiv omtrent at det var merkeleg at eit slikt fryktinngytande menneske som Stalin kunne vera kima til ungdomsopprøret på slutten av sekstitalet og bli førebilete for så mange innafor ei viss rørsle på syttitalet.

Eg går ut frå at Grünfeldt har lese boka på norsk. Sidan eg las boka på engelsk ikkje veldig lengje etter at ho kom ut, lurer eg på om det har skjedd noko ålvorleg gale med omsetjinga. Slik eg les boka, er det den første boka om Stalin som er så grundig i kjeldebruk frå dei SOVJETISKE arkiva, som nyleg vart opna. Sebag-Montefiore skriv mellom anna korleis Stalin satt fleire år i fengsel i ungdommen av di han organiserte den kommunistiske opposisjonen mot tsarveldet i Georgia og Russland og korleis desse opplevingane og den teoretiske skuleringa han etterkvart fekk vart med på å forma politikken under Stalin.

Sebag-Montefiores bok er som historisk dokumentasjon slett ikkje verst. Ikkje heller freistar forfattaren å gå inn på ein politisk analyse av oppbyggjinga av Sovjetstaten. I staden beskriv han Stalin og dei tette allierte hans og rolla dei spelte for utviklinga av den sovjetiske politikken.

Grünfeldt har derimot gjort seg opp ei meining om Stalin før han las boka (om han har lese ho i det heile). Folk svalt i hel i Sovjetunionen på 20- og 30-talet. Folk vart drepne under tortur, folk døydde i fangeleirar. Det herskar ingen tvil om dette. Dette bar Stalin eineansvaret for, meiner Grünfeldt. Stalin var gal, han var psykopat og maktsjuka hans gjorde at han ikkje hadde moralske skruplar, konkluderer Grünfeldt. Jaja, lat oss diskutera dette. Eg er ikkje ute etter å bagatellisera hendingane under Stalin, men lat oss gå inn på fakta i samband med dette.

Under den store sveltkatastrofa; hadde bøndene rett til å øydeleggja kornavlingane? Hadde dei rett til å hindra bybuarane å få tilgang til mat? Det jo slik i eit samfunn at me stort sett deler oppgåvene mellom oss; nokon er intellektuelle og har ansvaret for å vidareformidla og –utvikla den kunnskapen menneskeætta alt sit inne med, andre har ansvaret for dyrking av jorde, nokon har ansvaret for å laga forbruksvarer til det beste for fellesskapet, og andre igjen har som oppgåva å kontrollera alt dette. Er det slik at med Stolypin (til dømes) ved makta i eit halvføydalt Russland så ville denne katastrofa hadde vore unngått? Er det slik at sosialismen i Russland satte utviklinga fleire tiår attende, eller sytte sosialismen i Russland (også under Stalin!) for gedigne framskritt for ”breie lag av folket”?

Eg skal ikkje forsvara Stalin, og ser ikkje vekk frå at det vart utført store brotsverk mot eige parti og eige folk i perioden han satt med makta. Eg kan heller ikkje seia det er bra at dei nepalske maoistane tek livet av folk og kan henda utfører overgrep mot sivile i område der dei har makta. Det eg kor som er kan forsvara, er retten deira til å gjera opprør. Me i vesten kan ikkje ha noka forståing av kva dei kjenner når dei blir undertrykka. Me pliktar å stø vanlege folk sitt opprør mot brutale makthavarar i den tredje verda, og det er sånn at denne kampen er nøydd til å gå føre seg med våpen i hand. At maoistane i Nepal har rett til å forsvara seg og at det einaste viset dei kan kjempa på, er med våpen, bør vera sjølvsagt for alle.

At kommunistar framleis, femten år etter at ”kommunismen døydde” (som det heiter i borgarleg historieskriving), blir utsette for slik usaklig kritikk døma eg har nemnd over, kan jo eigentleg bli sett på som eit kompliment. Det syner at sosialistiske tankeretningar framleis blir sett på som eit trugsmål for kapitalismen og den herskande samfunnsordenen. Dette er ein tendens me har sett sidan Le livre noir du communisme kom ut i Frankrike i 1998 og som i dag aukar i omfang. Le livre noir du communisme tek føre seg overgrepa gjort i kommunismens namn og konkluderer enkelt med at kommunismen er verre enn nazismen. Hensikta med boka var å sprengja den franske venstresida (særleg kommunistpartiet) i filler. I det utmerka (trass i at det kjem ut i Sverige og på svensk) tidsskriftet Clarté har Stefan Lindgren skrive ei utmerka melding og kritikk av Le livre noir du communisme: http://www.clarte.nu/grafik/cl982/cl982_2.htm

Me på venstresida i Noreg har opplevd tre harde åtak i laupet av dei siste åra. Det byrja i 2003 med den heite sommaren med Bernt Hagtvet. Han gjekk rett i strupa på oss og sa at me hadde forsvara folkemord i Kambodsja (eller Kampuchea som ein skreiv den gong). At Sambandsstatane støtta regimet til Pol Pot for å hindra ein sovjetisk vasallstat i området, vart ikkje nemnd (som vanleg). Båe kronikkane kan du finna her: http://www.akp.no/omakp/bh-debatt/hagtvet-160703.html. Det Hagtvet nemner og kan henda har heilt rett i her, er at også andre på norsk venstreside enn berre dei ytst, må gå i seg sjølv og ta avstand frå omgang med regime dei helst ikkje burde hatt omgang med. SV var på fleire vitjingar i både DDR og Romania og prata gjerne om kor gildt det var der når dei kom heim. Demokraten Hagtvet oppsummerer med at all politisk organisering til venstre for SV, må opphøra. Kva eg tenkjer om det, let eg Ingolf Sundfør oppsummera for meg slik han skreiv det på heimesida til AKP 21.juli 2003:

”Vi skal sitte her i lille fredelige Norge og fordømme dem som gjør opprør. Nå tenker jeg ikke kun på Røde Khmer, men overalt i verden. Vi sitter egentlig og fordømmer at folk gjør opprør mot det imperialistiske maskineri som det velfødde Norge smører. Vi smører imperialismen bare ved å være den fjerdedel i verden som lever godt fordi andre lever dårlig. En moralsk plikt for alle må det være å drive motstandskamp mot denne verdensorden når man lever i hjertet av beistet, for ikke å si sideflesket. Med det følger ikke at jeg kan godta nedslakting av folk fra verken den ene eller den andre siden. Men jeg føler bare avsky for dem som direkte og indirekte forsvarer vår urettmessige plass i verdenshierarkiet ved så gjennomskuelig å predike seierherrenes budskap: "Opprør fører aldri til noe bra"!
Så slår det meg jo også at den godeste professor Hagtvet kan ha andre motiver enn å banke løs på en revolusjonær bevegelse som ikke samler mer enn et par prosents oppslutning hos det norske folk, selv om det snart er valg. Snarere en lenge følt irritasjon over at folk med venstreradikal bakgrunn har blitt både redaktører og fått professorater i journalistikk, kanskje?"

Så kom historikar Hans Petter Sjøli med boka ”Mao, min Mao” på seinsommaren 2005. Også den gjorde at ml’arar plutseleg fekk mykje plass i media.

Meir vil fylgja om dette.