Friday, September 08, 2006

Klassisk tabbe i Dagbladet

Dagbladet skriv i dag om den store dagen som var for 25 år sidan.
Tenkjer eg på femårsdagen for Maos død? Nei.

Tenkjer eg på at far min vart 33 år? Nei.

Tenkjer eg på at eg sjølv låg og skreik (Det veit eg jo ikkje, men sidan eg enno ikkje hadde fylt året, kan eg jo gissa kva eg gjorde...)? Nei.

Tenkjer eg på at Den demokratiske folkerepublikken Korea også fylde 33 år? Definitivt ikkje.
(For dei som stussar - DFR Korea er sosialimperialismen sin siste utpost - styresettet lyt bli plassert på historia sin skraphaug i lag med religion og marknadsliberalisme)

Sjølvsagt tenkjer eg på det store som hende på Ullevål stadion den dagen. Me slog England 2-1. ("England, kjempers fødeland", og så bortetter, som Bjørge Lillelien ropte ut til det norske folket) Hallvar Thoresen og mest sannsynleg Tom Lund skåra for Noreg, nesten like legendariske Bryan Robson skåra for England. Han skåra fyrst, men me vann.

Dagbladet vél å markera hendinga med ei dobbelside i sportsbilaget sitt i dag. Vanlegvis tykkjer eg at dette bilaget er bra, og eg plar pløya det kvar fredag.

Så også i dag. Men i artikkelen om England-kampen oppdaga eg fylgjande utsegn:
""2-1-kampen rører ved noe i den norske folkesjela. Oddvar Brås stavbrekk får en konkurrent."

Altså, Oddvar Brå brakk staven sin (skistaven altså) i 1982. Datoen skal eg vedgå at eg ikkje hugsar, men om det var i februar ein gong, er eg ikkje så hakkande langt unna. I alle høve var det kring eit halvår ETTER England-matchen.

Så ein skal ikkje stola for mykje på sportsjournalistar. Men jau, det visste eg frå før av...